Å gjeva næring til tanken – og til magen
Å laga folkehøgskule vil seia å gjeva ungdom unike, sosiale og faglege opplevingar og samstundes formidla eit sett grunnverdiar. For vår skule er internasjonal solidaritet og demokratiutvikling sentrale bærebjelkar.
Det var difor spennande for oss dette skuleåret å inngå samarbeid med den danske organisasjonen Crossing borders og ein ungdomsskule i Tampere i Finland om prosjektet «Food for thought». Prosjektet er basert på ein ide utvikla av folkehøgskulelærar og direktør i Crossing borders, Garba Diallo, om å bruka praktisk læring, forteljingar og mat for å lyfta tema som bærekraftig utvikling og kulturelt mangfald. Dette inspirerte -og finansierte fleire av skulen sine prosjekt i år
Verda står ovanfor den største utfordringa vi som fellesskap har måtte takla til no; global oppvarming og kravet om omstilling. Det internasjonale samfunnet må finna måtar å samarbeida om globale klimautstlipp og omstilling i ei langt meir bærekraftig retning. For at dette skal kunne gjennomførast kan ein ikkje berre venta på lovtekstar, klimaavtalar og politiske føringar. Alle må bidra på sin måte og klimakunnskapen må opp i heile befolkninga. Skulen ynskjer også å bidra.
Klimafestival
I år har me mellom anna gjennomført ei vekes klimafestival for andre år på rad. På grunn av pandemi-tiltak måtte ein dessverre avgrensa gjester til skulen. I tillegg til aktivitet på skulen tilbydde me også eit digitalt festivalprogram. Mellom anna arrangerte me digital klimadebatt med alle ungdomspartileiarane som eit oppspark til valkampen og elevar skapte sin eigen ‘Dungeons and Dragons klimafestival spesial’ live fleirkameraproduksjon. Gjennom festivalveka laga elevane klesbyttemarknad, hadde klima-aktivisme med Natur og Ungdom, ein diskuterte konspirasjonsteoriar knytt til klima, tok elevane på gjenbruksstasjon og kunstutstilling med natur og klimafokus, arrangerte praktiske kurs i urtedyrking, -naturfoto, -redesign av gamle klede, -gamle mattradisjonar som lefse- og potetlompebaking og å laga eige matpapir i bivoks for å nemna noko. Målet var å skapa større medvit kring klimaendringar, men også inspirera til livsstilsendring og systemkritikk.
Men det er ikkje berre klimaendringar som utfordrar demokratiet. Noreg er gradvis i ferd med å bli eit meir multikulturelt samfunn, noko som kjem med utfordringar og moglegheiter. Fleire blodige krigar og naud elles i verda har ført til store migrasjonsstraumar. På nyheitene blir dei ofte berre tal og namnlause andlete. For Fred- og konfliktklassen på skulen var det difor veldig lærerikt og spennande å få treffa ein ungdomsklasse ved vaksenopplæringa ved Brumundal vaksenopplæring. Klassen bestod av elevar som hadde rømt frå krig i mellom anna Somalia, Kongo og Syria. Saman med lærar og forteljar Tone Evensen fekk me til spennande samtalar. Gjennom enkle øvingar fekk elevar med flyktningbakgrunn og våre elevar fortelja kvarandre om livet sitt, barndommen sin og sine draumar for framtida. På ein av kveldane var elevane frå Brumunddal besøk ved skulen for å dela eit måltid mat og fortelja for alle elevane ved skulen korleis det var å rømma frå krig og kva draumar dei hadde for livet i Noreg.
På ein folkehøgskule står gode menneskemøter, god mat, tid og variert læring i fokus. Joda, ein hugsar nok dei fine turane, brettspel, forelskingar og natterangling. Men ikkje berre. På vår folkehøgskule trur me også på å skapa grobotn for fellesskapskjensle og medborgarskap. Det skjer altså mykje magisk på vår folkehøgskule-men det er berre dei som tek steget inn dørene som får oppleva det!